fredag, mars 03, 2006

Eg fer til Afrika i morgon.

mandag, januar 30, 2006

Sjæfs

I helga var eg på Impuls for fyrste gong. Det var bra! Det var ganske Skjærgårdsfeeling. Goe tie.

På sundagskvelden vitja eg Varhaug misjonshus. Venke Lunde tala. Ho er koseleg.

"Salomo hadde tusen koner. Å fysj, å fysj!" (sitat: Venke Lunde).

søndag, januar 22, 2006

Litt te

Eg kan jo skriva litt om at Hans Voll sitt nådegåvekurset "finn din plass i fellesskapet" vart halde på Fotland i helga. Det var bra. Me kan drøsa om det, viss du vil.

Søppel

Skreiv nettopp eit bra innlegg utan å nytta mellomromstasten. Det funka dårleg. Bloggen vart med eitt navla brei (les: vie). Heila opplegge til høgre forsvann. De kan jo prøva det same sjølv, ein gong det har god tid.

Det eg skreiv var (i forholdsvis korte trekk): I morgon er det prøve i jordlære. Olav Harbo er raus og gjev oss tre timar å gjera på. Den same Harbo er far til Leif. Leif har fire traktorar.

Uttrykket som bør nyttast mest mogleg i veke 4: "Fænsi-pænsi" (sitat: løytnant Wiik).

tirsdag, november 01, 2005

Forstandige inlegg

Kvar tysdag har me økonomi heile dagen. Bente før middag (rekneskap, tal o.l.) og Åmund etterpå (mest drøsing). Det var innleiinga. Det eg vil formidla i denne postinga er at eg las på Thomas Rake si side. Han igjen var inspirert av Gunnar Bjorland. Dei skriv og reflekterte om menigheit og trusliv. Ville bare abefala å lesa det.

fredag, oktober 21, 2005

Scotish Higland Cattle

torsdag, oktober 20, 2005

Innlegg

I dag har eg vore i Kringleli, Gjesdal kommune, å droge gadn. Me hadde prøvefiske. Dvs me samla data om fiskane, t.d. vekt, lengd, kjøtfarge, kjønn osb. Regna ganske mykje. Det gjorde ingenting. Eg hadde nemleg på meg Bergans outfitten. Sgambra klær! Då me stod der å sløya og gjorde andre fiskating, fortalde Jens Opstad om då dei fekk inn den rebelska kviga deira i går ettermiddag. Dei måtte bruke to, nesten tre, bedøvelsespiler! Hadde vore Texas.

På tysdag skifta eg olja på Escorten. Trur hu likte det. Var i alle fall ikkje noko klaging som hosting, startvanskar, dauing m.m. Bilen var med andre ord ikkje sur.

I helga har eg fri. På laurdag skal eg på Chick Corea (jazzpianist) konsert i Bjerksted. Etterpå skal eg vera med storbandet, Bryne Storband, å spela på NATO-ballet i Stavanger Forum. Dette er ein åreviss event. Me spelar variert-sinnelag-musikk medan militærtoppar, og fruer, let seg inspirera.

Eg skal til Tanzania snart. Per Olav Grøden er der nede no. Han er eittåring for NLM. Bokseljar og anna. Har ikkje besilt billett enno. Reiser trurleg i mars. Eller nyttår.

Eg sluttar med dette emneperioden om MacGyver. Var ingen suksess. Trur det var eit innfall. Vart berre med det eine innlegget. I den tida hadde eg store planar om å leggja ut gode historiar og bilete ofte. Nok om det.

tirsdag, september 27, 2005


Ser du kem dæ æ? Akkuratt, dæ æ Richard Dean Anderson! Han å Elvis æ ikkje døde. I alle fall ikkje RDA. Æg leve i håbe om at nye episoda sga maufacturast soon.

Med dette vil eg innleia ein MacGyver epoke på bloggen min. Tidsrommet dette skal foregå, er ubestemt. Er avhengig i utviklinga. Og litt interesse.

27/9-05

I dag starta eg å blogga. Har ikkje utarbeidd så mange visjonar og handlingsplanar for mitt vesle område på verdsveten. Tæge dæ på sikt.